55+ - ka no? er eit forum med fleire føredrag kor våre eldre spelar hovudrolla.

Her får du høyra meir om korleis Stord Kommune legg til rette for at eldre og deira pårørande skal bu og leva i ein allsidig kommune kor me er saman om utvikling og velferd, samstundes som me skapar tryggleik og gjev forsvarlege tenester til dei som treng det aller mest.

Me vil også venda oss til deg på 50+ og belysa utfordringar, som til dømes korleis me som kommune skal klara å tilby god oppfølging og bistand trass i at det vert færre helsearbeidarar per innbyggjar.

For i vår kommune skal du bli sett, høyrt og teken vare på, spesielt i godt vaksen alder.

Program, torsdag 8. juni kl. 17:30–20:00:

Velkommen
Ordførar Gaute Epland

«Utfordringar og moglegheiter fram mot 2040»
Hilde Ystanes - Seniorrådgjevar KS

«Stord kommune - ka no?»
Kommunalsjef Anne Karin Fossdal

Pause med stand
Mingling og forfriskingar

Kulturelt innslag
Vokalgruppa TAPAS

«Jakten på livsglede hele livet» 
Tone Bye - Generalsekretær Livsglede for Eldre 

Gratis loddtrekning med fine gevinstar
Vel heim!